Vindkraftanlegget på Snøheia kjem
Sunnfjord: Vindkraft i Norge møter oftast stor lokal motstand. Med energilova i hand har likevel fleire blitt etablert. No skal lokaldemokratiet styrkast. Trur vi.

Ei endring i Plan- og bygningslova skal etter det vi forstår no gi kommunane og lokaldemokratiet større makt.
Det nye no er at det skal leggast større vekt på dei lokaldemokratiske prosessane når departementet skal ta stilling til nye konsesjonssøknader frå utbyggarane.
I forslaget (som har høyringsfrist 27. februar) er det framlegg om at alle nye prosjekt skal forankrast i ein kommunal områdeplan (om ikkje området er arealavklart i kommune(del)plan).
Meir som ein veto-rett, sei.
Dette er i utgangspunktet godt nytt for alle som førebur seg til kamp mot det som no vert planlagt på Snøheia, på grensa mellom Sunnfjord og Høyanger kommunar i Vestland fylke.
Men gleda kan vise seg å verte kortvarig.
Løpet er uansett køyrt dersom staten finn at dei nasjonale samfunnsinteressene trumfar dei lokale.
Ein slik mekanisme ligg allereie fast i Plan- og bygningslova:
Departementet, som no spør om innspel til endringane i Pbl, er veldig nøye på å nemne (nærare 70 stader i høyringsdokumentet) at det er noko som heiter Statleg plan (§6-4).
Så har vi jo også energilova - som før.
Det nye no er strengt tatt berre eitt nytt og ekstra steg på vegen. I alle fall dersom premisset er at nokon uansett har bestemt seg.
Visst har det vore køyrt prosessar med medverknad og høyringar også når saka har vorte avgjort med energilova i hand. Men det blir litt som når ein spør ein to-åring om han vil legge seg for natta: det spelar inga rolla kva svaret er.
Det er Energiselskapet Eviny og industrigiganten Hydro, med Zephyr som prosjektutviklar, som spør både storsamfunnet og lokalsamfunna i Sunnfjord og Høyanger kommunar.
Utbyggarane vil bygge i høgfjellet mellom dei to kommunane. Eit femtital vindmøller av det argaste slaget, med ein installert effekt på 300 MW, skal gi ein output på 1 TWh energi.
Sidan store delar av dette anlegget ligg i Sunnfjord kommune, kan vi anta at motstanden der vil vere størst.
I Høyanger er dei nok meir avventande og undrande. Det er lett å forstå Høyangringane. Kva vil skje med verket dersom Høyanger-samfunnet seier nei?
Det er jo Hydro som spør. Men dei kan ikkje skuldast for å true med noko som helst i retning av at dei vil stikke av.
Tvert i mot: leiarane seier rett ut at deira motiv ligg i eit ønske som handlar om å sikre kraftsituasjonen for alle anlegga sine.
Men lytt til kva fornybarindustri-sjef Åslaug Haga seier i den siste podkasten til Jens Stoltenberg sin gamle spindoktor, Jan-Erik Larsen:
- Eg er ikkje spesielt fan av vindmøller, seier Haga. Men vi kjem ikkje utanom dette på kort sikt.
Haga dreg med dette ein TINA. Nett slik Maggie Thatcher i si tid gjorde då ho framsnakka sin versjon av marknadsliberalismen: There Is No Alternative!
Haga understrekar at det er bra lokaldemokratiet no får meir makt, og helsar endringane i plan- og bygningslova velkomen.
Slik skal det vere, seier ho, og ber med dette om å bli trudd på at fornybar-industrien er ikkje veldig keen på å presse fram nye anlegg overalt.
Spesielt ikkje der lokaldemokratiet seier nei.
Men, held ho fram, vi kjem altså ikke unna det faktum at samfunnet må skaffe nye 40 TWh - i tillegg til å redusere forbruket med 20 TWh.
Den gamle SP-dronninga er usikker på om tidlegare og noverande storting har tatt alvoret innover seg. Dei faste talepunkta til Haga og andre vindkrafttilhengarar er velkjende.
Det er ikkje kven som helst som har sett seg ned for å prate energikrise i denne podkasten. I tillegg til Larsen og Haga er også Nationen-kommentator Eva Nordlund med, samt KL-rådgjevar Anne Therese Gullberg.
Nordlund prøver å balansere debatten. Men det er det Haga seier (og ikkje seier) om behovet for kraft eg legg mest merke til:
- Det vi får framover av større kraftutbyggingar, vi kan få til en del smått, men det som kjem av større kraftutbyggingar trur eg vert kopla mot industriarbeidsplassar, seier ho.
Ei helsing til Høyanger-samfunnet, der altså. Og til mange andre samfunn.
Det er framskrivingane av kraftbehovet i Norge som ligg bak. Vi vil kunne få eit kraftunderskot allereie i 2026-2027, hevdar Statnett.
Norsk industri skal spele ei svært viktig rolle i det grøne skiftet. Låge prisar har vore eit konkurransefortrinn, og det er ifølgje Haga og fornybarbransjen berre meir produksjon i Norge og Europa som kan halde prisane nede.
Bodskapen er krystallklar: “meir produksjon” handlar i praksis om meir og stor utbygging av vindkraft - også på land. For dette må gå fort.
Med dette som bakteppe let Haga det skinne gjennom at eit kraftunderskot vil medføre at industrien må vike for lys og varme i norske heimar. I alle fall dersom vi begynner å tukle med kablane.
Og det altså allereie i 2026.
Den tidlegare Tidens Krav-redaktøren Jan-Erik Larsen frå Kristiansund set skåpet på plass når han konstaterer følgjande:
- Storsamfunnet sine interesser vinn over lokalsamfunna.
Høyr podkasten og les meir om saka:
Regjeringen.no: Høyring om endringar i Plan- og bygningslova.
Prosjektutviklar Zephyr om Snøheia-prosjektet
PR-byrået Kruse Larsen (nettside m/kundeliste)
Eva Nordlund (Nationen): Det går en vindkraftvekkelse over landet