Vil til Aukra
MIDSUND: Samanslåinga med Molde var frivillig. Dermed utgår reversering. No går dei for Plan B.
Separatistrørsla i gamle Midsund vil nemleg ha grensejustering.
I ein koordinert aksjon krev no (i skrivande stund) minst 10-11 innbyggarar utgreiing av grensejustering for det som var arealet til gamle Midsund kommune.
(edit 19.12.23: brevet er lagt ved nederst)
Dei vil til Aukra
Eit nær samla øyrike utanfor Molde er målet.
Statsforvaltaren, som skal behandle saka, har no gitt Molde og Aukra kommunar frist til 24. februar neste år med å kome tilbake med ei uttale.
Deretter går saka til departementet, som vurderer om det skal settast i gang utgreiing.
Dette kan Midsundingane gjere med heimel i §8 i Inndelingslova (initiativretten). Dermed må Molde kommune og Aukra kommune behandle saka.
Det kjem til å bli negativ innstilling frå Molde kommune, og truleg Aukra også.
For kva i alle dagar skal steinrike Aukra med Midsund?
Så spørst det om det likevel sett i gang utgreiing, og då heiter det at kommunane bør nytte innbyggarhøyring, folkeavstemming eller liknande.
I praksis ei reversering?
Etter kommunereforma har departementet behandla knappe 30 saker om grensejustering - stort sett berre småtteri.
I vårt fylke var saka om Vågstranda frå Rauma til Vestnes den siste. 442 personar.
No vil Midsundingane flytte ein heil, tidlegare kommune.
Det er noko meir enn å flytte ei lita grend som har ei meir naturleg tilknyting til nabokommunen.
Om ikkje anna:
Det positive med dette initiativet er at ei lenge ulmande misnøye i gamle Midsund no for alvor kjem opp på bordet.
Til no har debatten stort sett gått føre seg i Facebook sine kaninhol. Og i eitt og anna lesarinnlegg i budstikka.
Få har tatt dei tidvis rallande innlegga frå Midsund alvorleg.
No vert misnøye med stoda i nye Molde kommune ei offentleg sak.
Det har vel ein slags effekt, kanskje.
Men noko grensejustering mot Aukra?
Neppe.