Tida går - Møreaksen består?
Fleire meir og mindre planlagde megaprosjekt står no i fare for å verte stoppa. Også på nordvestlandet.
Vi er inne i ei spennande tid. Med det kommande statsbudsjettet MÅ regjeringa levere på innstrammingar.
Årsaka veit vi: verda står i brann, på fleire vis, og samferdselsministeren har varsla at det vil bli kraftige innstrammingar på vegfronten.
Dei minst gryteklare samferdselsprosjekta vil bli ofra først. Men ingen av NTP-prosjekta er trygge.
Møreaksen er framleis (men meir enn nokon sinne) gryteklar
Statens Vegvesen ventar utolmodig på å kome i gang med det dei kan aller best: bygge veg, tunnel og bru.
For i tillegg til Rogfast, er Møreaksen av dei mest “knadde” i heile det store Ferjefri E39-prosjektet.
Alle reguleringsplanar for fjordkryssinga er på plass. Det einaste som står att, er den endelege dommen i Kvalitetsikring 2-arbeidet.
Dette arbeidet pågår no. Deretter er er det beint fram: bompengeproposisjon og endeleg finansiering og byggeløyve frå Stortinget. Men, det hastar.
Kan prosjektet E39 Ålesund - Molde (Møreaksen) likevel stoppast?
Det er grunn til å tru at fleire uavklarte forhold på sørsida av Romsdalsfjorden er tema i departementet og på regjeringskonferansane som no pågår.
Det er for det første ein noko uavklart situasjon knytt til planarbeidet for strekninga mellom Ålesund og Ørskogfjellet.
For det andre: krefter i Vestnes brukar no alle midlar for å stikke kjeppar i hjula for framdrifta.
Motkreftene set også sin lit til ovanfor nemnde KS2-rapport. Ein negativ KS2-rapport (det blir den truleg) kan drepe prosjektet for godt. Eller ikkje.
Eit politisk kompromiss: Fullføre berre Møreaksen
Forsinkelsar og intern uro er godt nytt når ein er tvinga til å leite fram kandidatar til kutt. Det har vi sett før.
Det er uansett ikkje snakk om noko byggevedtak i haust. Men denne saka er, og har vore, ei nøtt for fleire regjeringar. Vidare framdrift må avgjerast no.
Eit kompromiss, der både utviklinga av E136 til Ålesund OG fjordkryssinga på E39 er med, kan fort kome opp av hatten på regjeringskonferansane.
Nye Veier må i så fall få endra eller utvida sitt mandat for strekket Dombås - Vestnes. Inkludert arm frå Tresfjordbrua til Vik (allereie foreslått av SVV).
Alt er politikk
Styringspartiet AP må vurdere om dei kan skrote eit del-prosjekt det har vore full politisk konsensus om i fleire ti-år. Med ein omfattande pengebruk på kjøpet.
SP må vise evne og vilje til å flytte pengar frå sentrale strøk til “der verdiane vert skapt” - i det landet dei er så glade i. Ikkje berre legge ned lokalsjukehus.
Støttehjulet SV kan lokkast med (førebels) spart myrlandskap på Ørskogfjellet, og kan klimakompenserast ytterlegare med ei kollektivsatsing eller to.
Nokon har snakka saman
El- eller hydrogendrivne ferjer, seier du? Det er interessant. Og utfordrande på så mange vis. Så gløym det - i alle fall her.
Hovedprosjektet Ferjefri E39 kan nok vere passé. Men vi bur i Norge.
Her stoppar ikkje ei krise eller tre ekte og langsiktig realpolitisk arbeid: Snakke saman, og - etter tur - bygge infrastruktur og ta i bruk heile landet.