Til den eller dei det måtte gjelde.
(Før du les vidare bør ha lese denne først: Take it or leave it.)
Molde er kjent som byen med fotballen og jazzen og fjorden og fjella. Og no den flotte Sjøfronten.
No jobbar krefter i Molde for at vi om eit par år også kan legge legge inn eit 75 meter høgt signalbygg i tre på skrytelista.
For etter at Buchardt sine planar i Molde vart kjend, er det mange som hevdar at ei slik utvikling vil gi merkevara MOLDE eit etterlengta løft.
Så har vi dei som gjerne vil ha vekst og positiv (by)utvikling, men som stiller seg kritisk til å opne opp for høge trehus fremst mot fjorden.
Og det midt NB!-området Molde sentrum, som Riksantikvaren omtalar som eit “kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse” (sjå kartutsnitt nedanfor).








(foto: ©Jan-Erik Kvåle. Kartutsnitt frå NB!-registeret: Skjermdump/Statens kartverk)
Nokon har snakka saman
Arthur Buchhardt har altså presentert planane sine om det 75 meter høge Wood Hotel Molde.
I møtet med planpolitikarane kom det fram at han først kom med eit (anna) spesifikt tomteønske då han ringde “ordføreren” for “en og en halv måned siden”.
Berre det reiser nokre kjappe spørsmål:
Spørsmål 1: Kva tomt var dette?
Spørsmål 2: Kvifor er Superb-tomta, eigd av Molde kommunale pensjonskasse (MKP), eit betre alternativ?
Spørsmål 3: På kva måte er styret i MKP involvert i sonderinga med ordfører, TPNM-leder og Buchard i forkant av TPNM-møtet?
Pensjonen for kommunalt tilsette
Det er kommunestyret som utnemner styret i Molde kommunale pensjonskasse (MKP). Dette skjer 14. desember.
Formannskapet har no innstilt nytt styre: Anne Karin Sjøli (H) er heilt ny, Thorbjørn Myhre (AP) og Kari Gagnat (SV) rykker opp til fast plass. [1]
Roar Beck (dagens styreleder) er innstilt som ekstern representant for ein ny periode i MKP. Han har solid planpolitisk erfaring og leiarbakgrunn frå finans (banksjef) og driv no med bygg- og eigedomsutvikling frå Oslo.
Styret bestemmer
Det er ikkje kommunestyret som bestemmer om heile eller delar av eigedommen skal seljast til Arthur Buchardt.
Det er det styret i MKP som gjer. Og dei skal først og fremst gjere det som er i MKP si interesse.
Buchardt på si side har allereie fått det nikket han treng frå dei sittande planpolitikararane i Molde.
Straks Buchardt kjem med sitt planinitiativ for Gotfred Lies plass 4 overtar kommunens planavdeling saka, som førebur den til politisk behandling.
Eit aldri så lite press både her og der, for å seie det mildt.
Spørsmål 4: Kva planpolitisk press kan eit “kommunalt” sal av areal på Gotfred Lies plass 4, med påføgande planinitiativ for eit 75 meter høgt hotell i tre, få for andre eksisterande og nye prosjekt som utfordrar gjeldande reguleringar?
(til dømes saka om om Trehuset Molde i Storgata 4).
ALLE vil ha hotell!
Etter at saka om Wood Hotell Molde vart kjend, har det kome fram at svært mange ønskjer ei reiselivsatsing i denne enden av sentrum velkomen.
Og som den stadig reisande Buchardt, med hjelp frå sentrale stemmer i partiet (altså Høgre), har funne ut: Det er mulegheiter “på” Sjøfronten.
Men det kan jo også andre aktørar resonnere seg fram til. Og kan hende kjem det opp idear som ikkje krev eit 75 meter høgt bygg.
Forsking på gjenbruk og rehabilitering tyder på at klimarekneskapen på alternative løysingar fort kan blir like bra som nybygg.
Selg heile greia
Det kan for eksempel tenkast at eit sal av Gotfred Lies plass 4 kan gjelde heile eigedommen.
Ekspertane får vurdere det, men eksisterande bygg kan nok heilt sikkert renoverast og/eller byggast om.
For eksempel til eit snasent Hotell Sjøfronten! Ikkje for høgt, og med eit arkitektonisk uttrykk som ikkje utfordrar korkje Superb-bygget eller høgde-regimet som allereie ligg der.
Og som harmonerer med nærmiljøet i NB!-sona.
Og for den del: MKP kan framleis ha ei hand på eigedomen, men då som medlem av eit slags konsortium. Eller nok slikt.
Slik som hos naboen
Gotfred Lies plass 2, nabobygget ved rundkøyringa, er også eigd av MKP med kommunen som leigetakar.
Naboen Rektor Brinchmansgate 1, derimot, er i 100% privat eige. Dei som sjekkar nærare kven som står bakom dette, vil finne både lokale og nasjonale konstellasjonar.
Det er fleire enn Arthur Buchardt som kan skape vidare utvikling i Molde.
Spørsmål 5: Korleis kan kommunen og MKP sikre at flest mulig alternativ og aktørar vert invitert inn i utviklingsprosjekt “på” Sjøfronten?
Spørsmål 6: Korleis bør kommunen stille seg til eit forslag om å utsette/avvente utviklingsprosjekt som utfordrar eksisterande planar i sentrum, til den varsla arkitekturstrategien er på plass og alle aktørane i området har fått sagt sitt?
Sjøfronten vart fantastisk bra.
No er det på tide å sørge for at byen bak vert like bra.