Svarteper på Sjøfronten
(sak flyttet hit fra tidligere plattform)
Sjøfronten i Molde blir rosina i pølsa i ei sterk merkevare: byen med fjorden og holmane, fjella og marka og jazzen og fotballen. Det handlar om å opne byen mot fjorden, med Torget som ein sentral del av dette. Diverre har prosjektet utvikla seg til å bli eit finansielt katastrofeprosjekt for Molde kommune.
Stikkord er linjer og aksar og monumental orden, i tråd med den legendariske byplanutviklaren og professoren Sverre Pedersen sine tankar for Molde by.
No kan det sjå ut til at politikarar og byråkratar, over fleire år, har rota til eit i utgangspunktet godt prosjekt som burde gått på skinner heilt inn. I tidleg fase vart prosjektet forsøkt selt inn med ein kostnad på 60 mnok. I sakspapira no ser vi summar på 130, 142, 150,5 og 174 millionar kroner. Den siste prognosen seier at prosjektet vonleg vil lande på 169 millionar kroner.
Sjokk og vantru
Utviklinga i Sjøfronten-prosjektet må tydelegvis ha kome overraskande på det administrative og politiske miljøet i Molde. Formannskapsmøtet den 28.04, direkteoverført og for alltid bevart på Kommune-TV, var i så måte eit skuleeksempel på sjokk og vantru.
Torsdag 14.05 sette ordførar Dahl digitalt kommunestyremøte. I eit endelaust og lett kaotisk møte skulle dei folkevalde ta stilling til dei same formuleringane som før, men med eit tillegg der ein sementerer det etterlatte inntrykket frå formannskapsmøtet: alle dei innleigde partane i denne saka er udugelege. Kommuneadministrasjonen og politikarane er feilfrie.
Men alle som har hatt oppdrag for kundar med kreativ sans og store vyer, men med tilsvarande manglande forståing for kontroll og styring, forstår at dette er ei sak med fleire sider.
Ein kaotisk prosess
Til dei som orkar: bla bakover i det kommunale sakskomplekset, så vil de finne rapporteringar undervegs - også om alt det som handlar om tilleggsbestillingar og endringsmeldingar (og dialogen kring desse). Sjå særleg etter nyansar og underliggande bodskap i det siste notatet frå prosjektleiaren. Og søk opp kva som er sagt og skrive i dei offentlege diskursane elles.
Det har vore usikkerheit om grunnforhold og infrastruktur. Ein har diskutert elektrisk varme vs. vannbåren varme. Det har vore heftig debattert om ein skal ha raud stein og/eller grå stein, og om den skal hentast frå India, Kina eller Norge - frå den EINE leverandøren som kunne levere dette. Debatten om kunst/utsmykking på Torget er eit kapittel for seg, med påfølgande diskusjonar om tilrettelegging for ulike typar aktivitetar (td. store arrangement).
Svak legitimitet
Dei kommunale byplanleggarane har sikkert Pedersen-orden i sysakene. Men har prosessane utad vore gode? Dei gløymde i alle fall noko essensielt då dei jobba med sjølve utforminga, utsmykkinga og bruken av Torget: god involvering som sikrar legitimitet. Og her vart legitimiteten til opplegget etter kvart såpass svak at både næringslivet og politikarane i 2017 sette ned foten.
Molde sin eigen varaordførar den gongen er referert på at ho vart overraska over kor lukka prosessen på dette tidspunktet var (rbnett.no, 13.12.17). Med andre ord: kor lite kontroll politisk nivå sjølv hadde undervegs.
Om ikkje politisk miljø, kven har då hatt hendene på rattet? Professor Pedersen sine arvtakarar - byplanleggarane i Molde kommune? Det er kjekt med aktive og flinke fagfolk, men det er eit sjukdomsteikn at politikarane ikkje har kontroll over dei.
Kva har skjedd (og kven har “skulda”)?
No har våre folkevalde, etter nærare fem timar (!) i møte, vedtatt gransking. Gransking handlar om å finne fakta. Men det handlar også alltid om å plassere ansvar: kven vert sittande att med Svarteper?
Vert det byplanleggarane (eller for å vere pinleg korrekt: “Kommunedirektøren”!), dei som utan medverknadsprosessar har leika seg i kreative interne seminar, og deretter spelt ping-pong med prosjektleiar, prosjekterande og utførande? Er det HAMSTO, Norconsult og Christie sin feil, dette her? Burde dei ha jobba gratis med alle endringane og tillegga?
Kva med politikarane sjølv? Dei som fyrte opp del-prosjektet Torget, utan kontroll på korkje leverandør, mengde, steintype eller pris? Og som etter alle diskusjonane om infrastrukturen under bakken på Torget til slutt måtte vedta ny totalramme på 150,5 mnok - så godt som utan avsetting til uføresette kostnader? Burde politikarane forstå konsekvensane av alle vedtaka?
Amatørar i sving
Vi kan ikkje kreve at politikarane, altså heilt vanlege folk som tek samfunnsansvar, skal forstå alt stammespråket i komplekse saker som denne. Masseberekningar, geologi og botnforhold. Forventa tillegg. Uføresette kostnader. Utviding vs. overskriding. Kor stor er sjansen for at ein landar på eller under kostnadsramma? 50%? 85%?
Det er jo her Kommunedirektøren og hans folk kjem inn og skal gje politikarane god rettleiing og klare råd, samt iversette og gjennomføre gode medverknadsprosessar. No skal dei svare for seg til rådyre advokatar og revisorar.
Kommunedirektøren kan mulegeins dokumentere at dei trass alt har sagt frå; involvert, informert og varsla. Så då er det kanskje kommunikasjonsfagleg kompetanse ein manglar i Molde kommune?
Få jobben gjort - bli ferdig!
No skal det spelast Svarteper på Sjøfronten. Kontrollutvalet skal på bana, og dei ansvarlege for uføret får seg nok ein smekk på fingrane. Men gransking? Dette vert dyrt. Det hadde vore mykje betre å bruke “gransking-millionen” på skikkeleg planlegging av Sjøfronten 2.
Knallhard prosjektstyring, transparente prosessar og god involvering frå politikarar, innbyggarar og næringslivet vil sikre at ein landar på beina. Heile Sjøfronten er eit merkevarebyggande byutviklingsprosjekt, og alle gode krefter må no gå saman for å få fullført dette. Vi er komne til the point of no return.
Dette innleget vart først publisert som kronikk i Romsdals Budstikke 16.mai 2020. Kun i papirutgåva.