Storgata og stenging: problemet løyst!
Utvid parkeringstunnelen og lag tilkomsttunnel til Møreaksen.
Så enkelt er det sjølvsagt ikkje.
Men, ei liknande løysing vart faktisk utgreidd i 2013. Sweco, på oppdrag frå Statens Vegvesen, vurderte ulike mulegheiter knytt til den korte bytunnelen som den gongen var aktuell mellom Reknes og Bolsønes.
Altså berre ei innleiande vurdering av geologiske forhold, dette kan Sweco, og ingen bastante konklusjonar.

Kva fann dei som er relevant for debatten om gågate i Molde sentrum?
Jo, at parkeringstunnelen, “Ola-hola”, (etter tunnelens “far”, Venstre-mannen Ola Gjendem [1]) kan utvidast heilt inn og under Molde stadion.
Sweco teikna altså i 2013 inn ein 275m tilkomsttunnel frå eit tenkt kryss under Reknesbana/Træff-huset, som ville nå dagens P-tunnel i det nord-vestre hjørnet.
No ligg dagens (ferdigregulerte) Møreaksen-tunnel litt lenger opp og under/bak/forbi (bruk det som passar!) byen.
Gitt at den planlagde utvidinga faktisk kjem på plass ein gong i framtida, kan dagens ingeniørvitskap få på plass ein 3-400 meter ny tilkomsttunnel ned til under Molde stadion.
Nytt kryss i bytunnelen kan leggast f.eks. ein stad i området under Hatlelia, der tunnelen går forbi ned mot Moldelivegen og i retning Fuglset.
Som om ikkje dette var nok: Ei slik utviding av parkeringstunnelen vil også løyse mykje av parkerings- og tilkomstproblematikken i området rundt museet, Idrettens hus og Træff-huset.
Her kombinerer ein i så fall ein annan idé om ein gangtunnel opp til idretts-og museumsområdet [2]
Eit kinderegg der, altså.
Urealistisk? Kanskje. Og det vil kreve utgreiingar. Meir jobb til Sweco, sei! I tillegg må vegdirektoratet inn og godkjenne/dispansere.
Men hei! Vi var på månen i 1969. Alt er sjølvsagt mulig.
Finansiering?
Ein ny bypakke kan td. finansierast slik:
statleg del (vi vart jo faktisk tilgodesett i NTP med 900 mnok for Fannestranda…),
kommunal del (skulle inn med 5% eigenandel i bypakken) og
fylkeskommunal del (skulle inn med 5% eigenandel i bypakken).
P-avgift i heile byen, inklusive kjøpesentra og parkeringa for byråkratane i Fylkeskommunen (dei er opptatt av byutvikling og berekraft, så her kjem det ikkje motstand).
I 1986 konkludert ein med med at eit heilt nytt fjellanlegg ville bli billegare enn eit P-hus i dagen [3].
Kva vurderinga vert i dag, veit vi sjølvsagt ikkje. Men no er det snakk om ei utviding. Rulleband ut av hallane for dei som av ulike grunnar treng det.
Problemet løyst. Over og ut!
[1] Da Molde fikk "Ola-Hola" (RB/Lillebakk 2017), og Gjennomfartsåre i tunnel under byen (RB/Mariadal 1986) (via Nasjonalbiblioteket)
[2] Vips! - så er du på Idrettens hus! (RB/Lossius Meisingset, 2016)
[3] Romsdal Folkeblad (Tveeikrem, 1986) Billigere enn parkeringshus (via Nasjonalbiblioteket).