Det er ikkje heilt rett å dra ei direkte samanlikning mellom Molde og Risør, men temaet i dokumentaren om “Sørlandsrefseren” er både interessant og relevant. (sjå filmen nederst her 👇).
Men: Det burde strengt tatt ikkje vere behov for aktivisme à la Okkenhaug.
For Risør sin del måtte det likevel ein krigar frå Oslo til for å få endra langtkomne planar:
Folk flest i Risør er nok glade for fasiten - inkludert grunneigaren, som i dokumentaren er klipt inn i rolla som “fæl utbyggar”.
Ei slik TV-vinkling fungerer godt reint dramaturgisk, men det vert ofte litt unyansert og i mange tillfelle også lite produktivt.
For ein utbyggar er også innbyggar, og spesielt i småbyar er desse avhengig av tillit. Tillit er alt!
Så kan det hende - også i småbyar - at det står sterkare krefter bak ein lokal utbyggar. Men det er også i mange tilfelle heilt nødvendig for å få noko til skje.
Så kvifor dra inn denne gamle Risør-saka frå 2014?
Linken til Molde er utkastet til planprogram for områdeplanen “Utfylling Grandfjæra vest”.
Ikkje heilt det same utgangspunktet (i Risør låg holmen klar), men begge prosjekta handlar om ei større utbygging som på fleire vis endrar byen og bybiletet.
Premisset er at Ferjefri E39-prosjektet Møreaksen kjem ein gong ut på 30-talet, og at ferjeleiet dermed vert frigjort. Sekka-ferga må framleis gå, om ikke eit anna smart alternativ vert trekt opp for dei.
Slik planane no er presentert, er det lagt opp til ei utfylling som nødvendigvis må bli ei stor «utposing» av strandlinja.
(klikk for å bla gjennom:)




Det er heilt rett å gjere denne vurderinga.
For det første ligg det allereie føre ei regulering som i noko grad tillet utfylling.
For det andre: Samfunnet er pliktig til å sikre ei god og trygg utnytting av overskotsmassar etter omfattande infrastrukturtiltak, som i vår sak omhandlar E39 -tunnelen som kjem inn frå vest bak og forbi Molde sentrum.
For det tredje: Det er rett å vurdere potensielt nye byutviklingstiltak.
Vi er no berre heilt i oppstarten, med ein “plan for planen”. Det er ikkje snakk om ein endeleg områdeplan, men vi fyller opp toget på perrongen - klar til avgang.
Ei eskalerende konflikt kan vi lett lett unngå dersom folk («flest») vert aktivert til å engasjere seg FØR nokon har brukt både tid og pengar på å få området klar til endeleg regulering.
Det er jo ikkje slik at dei profesjonelle miljøa absolutt VIL bygge tett, høgt, skyggefullt eller til og med stygt (kva no det betyr..). Rammevilkår er alt! (så tilpassar dei seg deretter.)
Er ein låst til å fortsette fortettinga på same måte som det er lagt opp til med Brunvollkvartalet og Grandfjæra aust?
Eller bør området lettast av til park- og rekreasjonsføremål? Eller ein kombinasjon?
Nokre av naboane rett bak har allereie signalisert stor motstand, det er naturleg og forståeleg. Ingen likar å miste utsikt.
For Molde-samfunnet må det gå an å få til gode løysingar når den tid kjem - også for ei tett utbygging.
Tomta er offentleg eigd - det var den ikkje i dei andre sakene i strandsonesakene i området. Eller i Risør, for den del.
Samfunnet har no både full kontroll og meir enn nok tid til å undre oss. Vi kan diskutere både volum, skala, skyline (!?), føremål og alt anna som måtte kome opp.
Kva med ein konkurranse der utviklarar og arkitekter, i lag med engasjerte innbyggarar, vert invitert til å tenke høgt?
Alle innbyggarane, inkludert våre lokale utbyggarmiljø, skal kunne påverke byutviklinga
- om ein berre vert informert og inkludert før toget går.
Her kan du sjå filmen: