Retiro-saka: - Bjørn Jacobsen forvirrer
MOLDE: Eit heilt greit tilsvar frå Planor-sjef Bernt Ove Vågsæter.
(Først publisert på Facebook)
Bakgrunn:
RB-innlegg frå Bjørn Jacobsen (Vi berga Fannestranda - Nu Retiro!), med tilsvar frå Bernt Ove Vågsæter i utbyggarselskapet Planor Bolig AS (som eig delar av Retiro-skogen/”parken” i Molde(Bjørn Jacobsen forvirrer om både Bjørsetsaga og Retiro).
Hovedpoenget i kritikken frå SV-Jacobsen Molde mot Planor Bolig AS (mitt etterlatte inntrykk):
Dei visste kva dei kjøpte, og er berre interessert i (meir) profitt på kostnad av natur og innbyggarar i Molde. Dessutan har dei vore involvert i “merkelege” avtalar med kommunen i fleire tidlegare utbyggingsprosjekt.
Retiro for Dummies: les meir nederst under dette innlegget.
The Greatest Hit i Molde når det kjem til merkelege tomtekjøp/-sal der kommunen har vore involvert, er ikkje Bjørsetsaga. Eller Retiro for den del.
Nummer éin på hitlista mi er den som gjeld Gamle Kvam skole.
Der har kommunen selt ei kremtomt til eit selskap eigd av Wilhelmsen-systemet (ja, skipsreiarane) i Oslo og Mobo (boligbyggelaget).
Wilhelmsen-selskapet har tydelegvis fått ein slags Franchise på eit svensk konsept (Boverian), som (indirekte) har som forretningsidé å tilpasse både tomt og kommunal planlegging til eit på alle måtar låst huskonsept - ikkje omvendt, som ville vere det rette.
Bovieran-konseptet vart selt inn som eit opplegg for gamlingar i +55-klassen (som vil bu i ein eldre-ghetto kamuflert som eit bustadsosialt konsept m/botanisk hage).
Såvidt eg hugsar var det ingen kritiske spørsmål frå korkje SV, MDG eller andre som vanlegvis stiller seg kritisk til slike som Planor. Faktisk var det ein Høgre-representant i TPNM-utvalet som litt forsiktig stilte det eg oppfatta som eit kritisk spørsmål.
Det er også slik at betalinga for tomta først skal skje når reguleringa er på plass. Helsing kjøpekontrakten med kommunen. Eit aldri så lite press der, altså.
Dei får mykje kjeft, men fakta frå planprosessar der Planor har vore involvert er jo nettopp at dei har vore involvert i planlegginga tidleg. Dermed er det lett å dokumentere at dei i fleire tilfelle har forsøkt å kna til prosjekta sine etter innspel frå kommune og innbyggarar - så godt dei kan ut frå det dei ser på som sitt handlingsrom.
*I dag er det vakre hovedbølet på eigedommen ikkje til å kjenne att. Det same gjeld den ein gong så vakre parken og skogen. I 18 år har utbyggar Planor Bolig AS, som eig hovedbølet og ein del av eigedommen rundt, venta på at den andre eigaren (og planmyndigheiten), Molde kommune skal få fingeren ut og bestemme seg for ei regulering slik eller slik.
No skjer det, og det nye forslaget inkluderer eit felt for bustader - i regi Planor Bolig AS. Mange i Molde vil at heile eigedommen, kanskje minus hovedbølet og nokre få m2 rundt, vert regulert som park (og ikkje delvis bustader, som utbyggaren vil (sjølvsagt, det var jo det han vart førespegla då han kjøpte - og som det faktisk allereie er regulert for).
Meir om Villa Retiro i Molde
(Wikipedia)
Hobbyfotograf Alf Reitan har dokumentert tilstanden i dag.
(eg går imidlertid ikkje god for innhaldet i det han skriv..)
-Villa Retiro må berges fra forfall
(NRK, 2014)