(Publisert først som Facebook-innlegg).
Hold your horses: Molde SV vil vurdere P-avgift på privat areal, først og fremst på kjøpesentra utanfor sentrum.
Til budstikka i dag tidleg er Molde SV sin nye frontfigur, Ola Fremo, sitert slik:
"- Det viktigste virkemiddelet for å sørge for at flere bruker Molde sentrum istedenfor kjøpesentrene er å ha en lik parkeringspolitikk i hele byen. At man har en samlet parkeringspolitikk, med de samme parkeringsavgiftene, slik at det ikke oppleves skjevt og får folk til å trekke ut av byen. Å skape enda flere parkeringsplasser, som jeg egentlig mener Molde sentrum har nok av fra før, vil bare stimulere folk til å bruke bil mer. Det ønsker vi jo ikke, sier Fremo". [1]
Det kan sjå ut som at Ola Fremo og SV tenkjer seg at dette kan ordnast med hjelp frå den kommunale reguleringsverktøykassen.
På spørsmål på budstikka i ei sak seinare på dagen, om ein kommune verkeleg kan gjere dette, svarar han slik:
"– Ja, men kanskje må vi ned på reguleringsplan-nivå. Det er jo ikke kommunene som eier alt av gater og fortau i alle landets kommuner, men det er likevel kommunene som har ansvaret for parkeringspolitikken. Jeg mener vi kan legge inn slike betingelser i reguleringsplanene. Vi har ganske tøffe verktøy om vi går ned på reguleringsplannivå." [2]
Men nei. Slik er det jo ikkje. I alle fall enn så lenge. Kommunen har ikkje slike verktøy, noko KS (kommunane sin organisasjon) så langt har vore tydelege på [3].
Men det er håp for SV og deira likesinna:
Det er krefter i sving for å endre dette på nasjonalt nivå. Mellom anna i AP, først og fremst fronta av (tidl.) klimaminister Barth Eide [4].
Eg vil tru at ein då vil endre Plan- og bygningslova.
Parkeringspolitiske tiltak er også tema (i lag med mykje anna som vedkjem målet om nullvekst i personbiltrafikken) i transport-/byforskinga [6].
SV (og andre) sine innspel er sympatiske nok, forsåvidt. For bysentrum slit.
Men, dei får - surprise! - motstand frå senterleiinga på Roseby:
"– Molde kommune eier ikke våre parkeringsplasser – de eies av Thon kjøpesenter Molde. Molde kommune eier ikke noen av våre kundeparkeringsplasser, sier Sæter Simonsen."
(...)
– Vi bestemmer om vi skal innføre parkeringsreguleringer på våre kundeparkeringsplasser, i og med at det er våre egne parkeringsplasser. Vi har valgt å ha gratis kundeparkeringsplasser til våre kunder." [6].
SV skal ha for å løfte problemstillinga. Bråk blir det uansett alltid når ein diskuterer parkeringspolitiske grep:
Vi skal jo (helst) 1) raskt/raskare nå nullvekstmålet i personbiltrafikken, 2) "redde" diverse bysentrum frå "urban spreiing", ( td. frå kjøpesenter utanfor), og 3) ikkje pålegge innbyggarar (og næringslivet) for store praktiske og økonomiske byrder i dagleglivet.
Skal ikkje vere lett, sei!
Eller, jo, det er jo det. Lett.
Det er kun tøffe politiske vedtak som de facto regulerer adferd.
Vi hyler og skrik med det same, men så roar vi oss - og i mange tilfelle vil vi ikkje tilbake til det som var.
Og det kundane vil…vil også handelsstanden og næringslivet elles.
Jaja. Uansett.
Det enkle er ofte det beste, så på kort sikt kan ein jo starte med ein aktiv parkeringspolitikk knytt til arbeidsplassar.
Og her kan både privat næringsliv og offentlege instansar bidra.
Aller først kan SV-Fremo og likesinna politikarar gå i front, og starte med å feie for eiga kommunedør.
Dei tilsette i kommunen treng ikkje gratis parkering*. Dei kan gå/sykle, ta kollektivt eller parkere (og betale) i parkeringstunnelen eller ein stad utanfor sentrum.
Det neste han kan gjere er å ta kontakt med fylkespolitikarane på fylkeshuset. Desse treng heller ikkje gratis, reservert parkering tett på fylkeshuset.
For både kommunen og fylket er meget opptatt av bærekraft.
Dei har til saman eit ikkje uvesentleg tal tilsette spesialistar med bærekraft som som viktig del
av stillingsomtalen.
Dei, kommunen og fylkeskommunen, har til og med sin eigen bærekraft-høbb [7] - eigd fifthy/fifthy med hhv. 7 mnok i eigenkapital. Og med planar om oppbemanning.
Når dei offentlege aktørane har feia for eiga dør, kan Fremo og andre politikarar i Molde, fylket og Norge ta diskusjonen om parkeringspolitikken.
(Og Fremo, det ser ut til at det var Storo-senteret sjølv som innførte P-avgift - ikkje Oslo kommune [8]).
__________________________________________
* Dette gjeld kan hende ikkje alle. Eg har ikkje kjennskap til nøyaktig kven og kor mange av dei som jobbar i det off. som disponerer fri parkering. Men dei finst (eg er ein av dei).
[1]
https://www.rbnett.no/.../heggem-forslaget-m-sentrum...
[2] og [6]
https://www.rbnett.no/.../roseby-ledelsen-ikke-aktuell...
[3]
https://www.ks.no/.../de-ulike-tiltakene/parkeringsavgift/
[4]
https://www.nettavisen.no/.../arbeider.../s/12-95-3424113366
[5]
https://norceresearch.brage.unit.no/.../handle/11250/2980343
[7]
https://www.berekrafthub.no/
[8]
https://www.facebook.com/storostor.../posts/141280102579363/