Nye Veier i Moldemarka?
Framlegget til kommunedelplan for E39 Julbøen - Molde ligg ute til høyring. Naturglade Moldensarar er rysta, og ihuga Møreaksen-motstandarar håpar på nyrekruttering i kampen mot Møreaksen. Kan Nye Veier AS overta og løyse floka?
Statens vegvesen har lagt fram tre alternativ, i tillegg til dagens veg. Det handlar om ulike løysingar for veg i dagen og tunnel, noko som kan medføre store inngrep i Moldemarka. Fristen for å respondere er sett til 15. september.
Friluftsfolket, grunneigarar og andre som er genuint opptekne av natur- og nærmiljøet i Molde protesterer. Dette er først og fremst innbyggarar og andre med tilknyting til Molde. Ein motorveg vil forringe naturopplevingane og bygge ned sårbar natur til evig tid, hevdar dei.
Ulike motiv
Protesterer høglytt gjer også motstandarar av E39 via Møreaksen (MA). Av desse er truleg eit fleirtal tilhengarar av konkurrenten Romsdalsaksen (RA).
Eg trur ikkje førstnemnde gruppe nemnt ovanfor eigentleg bryr seg så mykje om den delen av debatten som omhandlar aksevalet og alternative løysingar for E39. Dei er opptekne av marka si; turområdet sitt. Og generelt vern av sårbare naturmiljø i kombinasjon med aktiv fremming av god folkehelse. Dei har nok sine meiningar om Veøya også.
Mange av dei kan til og med vere tilhengarar av Møreaksen, men dei vil berre ikkje ha vidareføringa av han open i dagen gjennom Moldemarka. Vi skal heller ikkje sjå vekk frå at ein del av dei meiner dagens situasjon, 0-alternativet med ferjedrift, er det beste.
99% sikkert
Frå før veit vi at den andre gruppa, RA-tilhengarane , ropar på Nye Veier AS. Det offentleg eigde vegselskapet er ifølgje denne gruppa mykje betre eigna enn Statens vegvesen (SVV) til å bygge E39 Ålesund - Molde. Det vert billegare, betre og dermed meir samfunnsøkonomisk lønsamt, vert det hevda.
Frank Sve, politikaren RA-leiren har trykt til sitt hjarte, er 99% sikker på at Nye Veier skal få oppdraget. Men betyr det automatisk at dei går for veglinja til Romsdalsaksen? Dette er det umuleg å seie noko sikkert om. Nye Veier kan vel så gjerne rekne seg fram til at det beste alternativet er å gå for veglinja via Møreaksen.
Med oppdraget om å bygge Ålesund - Molde lagt til Nye Veier, følgjer carte blanche. Med rett til å skrote regjeringsvedtaket frå 2014 og formuleringa om at E39 skal gå via Møreaksen til Årø.
Nye Veier - Nye alternativ?
Det kan bli Romsdalsaksen, Det kan bli Møreaksen. Det kan til og med hende dei vel å føre trafikken via Møreakseb og bak Moldemarka - via Hollingen, Sylte, Freneidet og langs sørsida av Kvernesfjorden og vidare til Bergsøya.
Det første og det siste alternatiet løyser problematikken i Moldemarka, men etterlet seg eit Molde bysentrum med framleis skrikande behov for nye trafikale løysingar.
Dersom Nye Veier vel å legge E39 via Møreaksen og inn mot Molde sentrum slik det er planlagt no, bør alle alarmklokkene ringe hjå dei som er glade i Moldemarka.
Nye Veier bygger lange strekk langs hovudvegane- ikkje stykkevis og delt, slik SVV diverre må gjere fordi dei opererer som eit statleg aktør i skjeringspunktet mellom politikk og fag, der ein må forhalde seg strengt til lysløypa som fører inn mot NTP.
Dette slepp Nye Veier, som får tildelt porteføljene sine direkte og med meldinga: løys det! Og gjett om dei løyser det. Dei er så effektive at dei inngår samhandlingskontraker FØR planmyndigheiten, dvs. den aktuelle kommunen, har ferdigbehandla reguleringsplanen.
DER er ikkje Statens vegvesen, for å seie det mildt. (sjølv om den gamle NV-sjefen, no sjef i SVV, prøver å skape like konkurransevilkår).
Kjapt, rett og billig
Nye Veier bygger 20% billegare enn SVV nettopp fordi dei byggjer lange strekk for høg fart, så rette linjer som muleg og med best mulig netto nytte pr. budsjettkrone (NNB). I tillegg legg dei stor vekt på at prosjekta skal utvikle sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar, noko som då også medfører fokus på meirnytte.
Nye Veier er tydelege på at deira hovudmål - motorvegen - går foran lokale ønskje, td. lokalvegar, overgangsbruer osb. Det er nettopp dette som gjer bygginga effektiv og billeg, ifølgje dei sjølv.
Nye Veier er, ifølgje to av norges fremste forskarar på store vegprosjekt, ikkje særleg opptekne av effektar som er viktige for å berge Moldemarka: landskapsbilete/natur- og kulturmiljø, fritidsinteresser og andre ikkje-prissatte verknader.
Det er nettopp dette med dei ikkje-prissette verknadane som er urovekkande dersom Nye Veier får oppdraget med E39, med ei løysing via Møreaksen og innover mot Molde: Mandatet om å bygge så effektivt og billeg som muleg.
Dyre tunnelløysingar under den flotte Moldemarka vert fort altfor dyrt for NV. Som vi veit har SVV allereie redusert sine kalkyler med med 40%.
Slik sett kan ein forstå at Rauma-ordføraren ikkje er så veldig lysten på at Nye Veier skal få oppdraget med E136. Vegen til statleg plan er kort.
Vern av Moldemarka krev eit sterkt lokaldemokrati
Dersom Nye Veier likevel får hand om prosjektet, vil det uansett løysing verte eit massivt press på lokale planmyndigheiter om å godta alternativa Nye Veier og deira entreprenør kjem med.
Det er politiske prosessar i Molde kommune som bestemmer utfallet når det gjeld eventuell veg gjennom Moldemarka. Molde kommune er planmyndigheit. Politikarane bestemmer. Men Nye Veier har altså vist seg svært effektive når det gjeld å få i land reguleringsplanane slik dei vil.
Det seier seg nesten sjølv: når ein har skrive kontrakt med ein entreprenør om ein målpris FØR reguleringsplanane er på plass, vil ein gå svært langt for å halde seg innanfor rammene. Dette kan medøre at dei må kna på innhaldet (slik som SNR-prosjektet). Då må dyre løysingar som ivaretek natur og miljø (td. ein tunnel) vike.
Det kan godt hende RA-folket får rett i at heile E39 Ålesund-Molde (Bergsøya?) vert overlatt til Nye Veier. Men kva om Nye Veier takkar for tilliten og går for Tautra og Otrøya (tunnel eller flytebru..), og vidare inn gjennom Molde by?
I så fall vert det eit råkøyr for å gjere strekninga så bein, rask og billeg som muleg.
= motorveg i dagen gjennom Moldemarka vest...