Nokon må gå (men Møreaksen blir)
Knut Arild Hareide raslar med sabelen og vil prioritere hardare mellom prosjekta i neste utgåve av NTP. Dyre og ferske prosjekt ryk først. Det kan faktisk vere godt nytt for allereie førehandsdømde Møreaksen.
Foto: skjermdumpar* og video frå NRK, Politisk kvarter 21.09.20.
I eit innlegg i Aftenposten den 16. september varsla samferdelsminister Knut Arild Hareide at NTP-arbeidet skal strammast til. I realiteten handlar det no om kva prosjekt som rett og slett må "gå" (ut i kulda). Svaret kjem når NTP vert lagt fram til våren.
- Vi bygger nå ut de største samferdselsprosjektene i nyere norsk historie. Det stiller store krav til hvordan vi forvalter fellesskapets midler. Ikke alt som ligger i dagens svært ambisiøse transportplan, vil være mulig å gjennomføre som ønsket, skriv Hareide i innlegget.
Og legg til:
- Mange vil bli skuffet over at enkelte prosjekter ikke blir realisert slik det er forventet.
Bråstopp for Møreaksen?
I Møre og Romsdal vert dette av mange tolka som spikaren i kista for prosjektet E39 Ålesund - Molde (Møreaksen). Motstanden mot den vedtatte fjordkryssinga på denne strekninga har vore, mildt sagt, aukande dei siste åra.
Men håpet er nok ikkje heilt ute for Møreaksen. I gårsdagens Politisk kvarter (NRK Radio) gjekk Hareide tvert i mot langt i å peike i andre retningar:
Dei prosjekta som ryk er dei som ikkje har klart å senke kostnadane, og som heller ikkje er komne altfor langt i planlegginga.
Eit konkret døme på slike prosjekt er InterCity-bana mellom Moss, Fredrikstad og Sarpsborg, som har est ut med fire-gongen. Her går Hareide langt i å antyde at slike prosjekt må stoppast eller bremsast, og eventuelt omarbeidast.
I praksis vil ein NTP-revers ut i kulda bety at ein rykker tilbake til start. For mange vil dette bety at prosjektet rett og slett døyr ut.
Store kostnadsreduksjonar
Slik gjeldande NTP ser ut på papiret no, ser det svært begredeleg ut for Møreaksen. 37 mrd. 2018-kroner (og ei svært så negativ nytte) kling nok ikkje særleg godt i i ministeren sitt hovud.
Men Statens Vegvesen (SVV) har gjort leksene sine. Kostnadane er redusert med 40% (NTP-kostnaden i 2019-kroner). Dette påverkar sjølvsagt også berekninga av samfunnsnytte.
Aftenposten tolkar Hareide dit hen at også fleire store prosjekt i Ferjefri-E39-prosjektet må passe seg (bak betalingsmur). Men er det Møreaksen som ryk?
Kystens mann 1
Hareide er oppteken av å få fram at heile landet skal takast i bruk. Med eit sterkt senterparti på frammarsj mot valet i 2021, må Høgre og KrF no sende helsingar heim til kysten.
På kysten ventar eit stort sett samla lokaldemokrati og næringsliv, med sterke ønskje om å få fortgang på eit prosjekt som strengt tatt har vore i spel i snart førti år. Hareide fekk nyleg denne meldinga overlevert personleg og i klartekst.
Hareide kunne dog trygt reise attende til Oslo utan å ha lova noko som helst. Men som hordalending frå Bømlo veit han sjølvsagt kor viktig desse samferdselsprosjekta langs kysten er for verdiskapinga i Norge.
I tillegg er han altså (truleg) mest oppteken av å gå laus på dei rådyre prosjekta som ikkje har kome like langt i "lysløypa" som det Møreaksen har. I så måte er det nok av megaprosjekt å ta av i dei ulike transportetatane sine porteføljer.
Kystens mann 2
Møreaksen har ikkje berre ein potensiell alliert i KrF og minister Hareide.
Posisjon-kollega Helge Orten er leiar i stortingets transport- og kommunikasjonskomité. Det gir han stor makt og påverknad på Stortinget. For Møre og Romsdal er dette ein god ombudsmann å ha gåande i makta sine innerste korridorar.
I tillegg til sin sentrale posisjon på Stortinget, vart Orten også for kort tid tilbake valt inn i arbeidsutvalet i Høgre sitt sentralstyre. Det gjer denne mannen til de facto nr. 4 i partiet Høgre, og dermed ein sentral person når Høgre skal prioritere sine saker i regjeringa sitt interne NTP-arbeid.
Styringspartiet Høgre
Som styringsparti kan ikkje Høgre vere med på å skrote langt framskridne NTP-prosjekt som Møreaksen. Det vil vere det same som å skrote heile NTP-regimet over natta. Men Høgre rir ikkje nødvendigvis same dag som dei salar.
I vindkraftsaka på Haramsøya bøygde dei ikkje av for press. Svært synd for Haramsøya, men det vert endringar i vindkraftregimet. På sikt.
I 2018 gjekk Høgre på talarstolen på Fylkestinget i Molde og tok ansvar: Nordøyvegen var komen til The point of no return. Prosjektet måtte fullførast.
For Høgre og samarbeidspartnar KrF vil det vere langt enklare å skrote andre prosjekt enn Møreaksen. Sjølv ikkje forhandlingar med Frp vil utgjere noko fare for Møreaksen.
For Frp sentralt vil eit kjøtbein av typen kutt i jarnbanesatsing (td. InterCity-satsinga) vere viktigare enn å skrote vegprosjektet Møreaksen. Same kva Sylvi Listhaug heller Frank Sve måtte bruke av argument og valflesk til kjerneveljarane sine på nord- og sunnmøre.
Utfordringa: teknologiutvikling..
Hareide er tydeleg: problematiske NTP-konsept må omarbeidast. I kva grad tunnelløysinga på Møreaksen er det problematiske her, stridast dei lærde om. Ein tunnel i to løp, med tette redningssluser undervegs og maksimalt 5% stigning er i alle fall noko av det tryggaste på tunnelfronten.
Er løysinga for Hareide å få Statens vegvesen til å snu, og heller gå for siste teknologiske skrik: flytebruer? Ei oversjøisk løysing på Møreaksen? Nei, ikkje om han spør SVV (som sit på bru-kompetansen) i dag. Dette har dei rekna på og funne for dyrt.
Men SVV har altså allereie vist ministeren og oss andre at dei kan grave fram nye løysingar om dei verkeleg må. Så kan kutt i andre og meir usikre NTP-prosjekt føre til at totalnivået på neste plan samla sett går ned. Vinn-vinn for Hareide & Co.
..OG samfunnsendringar
Ein X-faktor i dette spelet er sjølvsagt dei enorme samfunnsendringane vi no ser under corona-pandemien. Mindre reising - meir videokonferanse. Men kor mange fysiske møte-reiser var eigentleg Møreaksen tenkt å effektivisere? Det er vanskeleg å sortere fisk, eller bygge båtar, på heimekontor.
Landet vil framleis vil ha behov for effektiv transportsystem for varer, arbeidskraft og innbyggarar. For kysten sin del handlar dette først og fremst om vegløysingar. Nokon vil hevde at dette kan løysast utan ferjefrie løysingar. Det kan forsåvidt godt hende.
Nokre prosjekt kan stoppast. Andre bør berre fullførast. Mykje tyder på at Hareide let Møreaksen gå. Vidare.
___________________________________________________________________________________________________
*Stilbildet klipt fra den aktuelle dagshendinga, jf. ÅVL og reglane for sitatrett. Video-embed er lagt til rette for av NRK sjølv.