Mordalaksen?
KrF-medlem Kjell Petter Stene frå Molde vil legge E39 via Møreaksen på is, og erstatte den med ferje til Mordalsvågen. Dette er eit bærekraftig alternativ som samtidig bidrar til å løyse trafikale utfordringar i Molde sentrum, hevdar han.
Illustrasjon: ©Statens Kartverk (CC BY4.0), faksimile frå Romsdals Budstikke. Bearbeida av JEK, ©Store Molde.
Politikarane i Molde skal om ikkje så lenge ta stilling til dei ulike framlegga til veglinje på den nye E39-strekninga mellom Julbøen og Molde. Etter kvart skal dei også lande ei fornuftig løysing for vegen langs Fannestranda til Kviltorp og vidare austover.
I eit lesarinnlegg i Romsdals Budstikke (10.08.20) etterlyser Stene nyanserte politikarar med nyanserte løysingar. Han lanserer følgande alternativ som sitt høyringssvar:
"Fergene fra Furneset kan gå til Mordalsvågen, som da må utvides. Dette vil gi noe kortere overfartstid, siden det ikke er fartsbegrensninger på strekningen, og distansene er omtrent like. Den eksisterende og opprustede veien følges østover fra Mordalsvågen til Djupdalen. En bytunnel går i fjellet ved Djupdalskrysset, og bør komme ut i området Legrovik."
Møreaksen og Molde sentrum
Dermed blandar han inn Møreaksen som ein openberr faktor i diskusjonen om vegløysingar inn, gjennom og ut av Molde by. Dette er nok ikkje heilt god latin hjå dei som har hevda at desse prosjekta ikkje heng saman.
Med forslaget sitt er han i utakt med sitt eige parti, i alle fall på kommune- og fylkesnivå, som saman med dei fleste andre partia har vore pro Ferjefri E39 via Møreaksen.
Meldinga frå Kjell Petter Stene er krystallklar: Ikkje la hensynet til Møreaksen styre kva løysingar ein landar på når det gjeld trafikale utfordringar i Molde sentrum.
Han utdjupar ikkje dette noko vidare, og går ikkje inn i diskusjonen om alternativa som no ligg på bordet for Julbøen - Molde.
Om Fannestranda konstaterer han kort og greit at ein lang bytunnel med utløp i Lergrovik-området vil skåne Kviltorp-området, og at eventuelle tilslutningstunnelar handlar om detaljplanlegging.
Slik eg les Stene er bakteppet for framlegget tredelt:
dei dramatiske samfunnsomveltingane vi opplever her og no i kombinasjon med lange linjer knytt til bærekraft og økonomi, samt eit ønskje om tenlege løysingar lokalt i Molde sentrum.
Corona-situasjonen har endra arbeidslivet i ei meir digital retning, med mindre reising og meir bruk av heimekontor. I tillegg tvingar overgangen til eit meir bærekraftig samfunn fram etiske vurderingar før viktige val:
"Hva er viktig? Hva er viktigere? Hva er viktigst?", spør han, og viser til bærekraftfokuset i grunnskulen sine nye planar. Eg vil tru at korkje firefelts motorveg over eller under fjorden, på Kringstadsetra eller langsmed Fannestranda er top-of-mind når Stene skal prioritere kva som er viktig.
Kva med Midsund og Aukra?
Moldensaren er ikkje åleine om å konstatere at svært mykje av tankegangen bak Møreaksen er utdatert, og at prosjektet ikkje er bærekraftig.
Samtidig er dei fleste raske med å hekte "eg-er-ikkje-motstandar-av-fastlandssambandet-isolert-sett-altså" bakpå all argumentasjon mot Møreaksen.
Korleis skal fastlandssamband for øyane vest av Molde finansierast på ein - for storsamfunnet - betre måte?
Det er vanskeleg å sjå føre seg noko fastlandssamband utan dette statlege E39-prosjektet. Men det er kanskje den økonomisk ikkje-robuste fylkeskommunen Stene og andre tvilarar har i tankane her.
Redusert reisetid mellom Molde og Ålesund i kombinasjon med fastlandssamband for 5000 menneske (inkludert bonuseffekten med Kjerringsundet), er i tråd med intensjonane for E39-fjordkryssinga. Desse er konkretisert i konseptvalutgreiinga (SVV, 2011), som låg til grunn for regjeringsvedtaket i 2014.
Med påkoplinga av Aukra er det også naturleg å utvide Molde kommune. Nokon har nok snakka saman også om dette.
Møreaksen kjem. Helsing (det lokale) KrF.
Møreaksen er altså vedtatt.
Norsk samferdselutbygging kviler på eit føreseieleg og stabilt planregime basert på opne demokratiske prosessar og langsiktigheit. Det er ikkje utan grunn at NTP-arbeidet er organisert som det er. Ja, det ligg inne mekanismar der for å kunne justere, men det er i prinsippet ikkje rom for dei store konsept-omkampane.
KrF har sjølvaste samferdselsministeren, det er alltid kjekt, men sentralt er KrF vaklande og stadig mindre entusiastiske for prosjektet Ferjefri E39.
Kva ein diskuterer internt i Stene sitt lokallag veit vi ikkje, men utad har lokalpartiet og fylkespartiet frå første stund vore sterke i trua når det gjeld Møreaksen. Det ser ikkje ut til at denne trua har svekka seg i det siste.
Kjell Petter Stene er nok meir opptatt av å få til tenlege løysingar i Molde enn å stoppe Møreaksen. Men han og eventuelt andre tvisynte tvilarar skal få jobbe hardt med å få lokalpartia med på å legge vekk draumen om Ferjefri E39 via Møreaksen.
Om så skjer, og fleire parti kastar seg på dette, vert den ikkje liggande lenge på is.
Den smeltar vekk.