MFK og A-laget
Dette innlegget handlar om fotball. Fotball type kvinner. I 2019 skulle det satsast for fullt i Molde. Dette skjedde berre delvis. Korleis står det til no - og kva skjer vidare?
Neste år vil det skje store endringar i 2. divisjon Kvinner. Det vert ein ny og tøff liga delt i 2 avdelingar (mot i dag 8).
Til saman 28 lag mot dagens 80. I overgangsåret 2022 ligg MFK Kvinner A-lag per tid på 2. plass i sin avdeling. Kun 2 av avdelingsvinnarane skal opp til 1. divisjon.
Siste kampen før ferien vann Molde 5-6 over Nardo. Dette etter å ha leia 0-5 ved 48. min….ja, det vart ein spennande kamp!
Eg trur ikke denne kampen vart tilgodesett med ein einaste liten notis i lokalavisa eller klubben si eiga nettside utover referatet på «Molde FK Kvinner» på Facebook. Men eg kan ha oversett noko.
Men det vert endå tøffare framover.
Ein skal aldri seie aldri, men opprykk til 1. div. no vert nok vanskeleg for eit Molde-lag som av ulike årsaker mistar rutinerte spelarar kvar haust (om vi kan kalle 18-19-åringar for rutinerte..).
Tidligare har dei også mista unge og spesielt talentfulle spelarar til nivåa over.
Heldigvis kan klubben hente opp nye og svært spennande talent! Eg håpar MFK får behalde desse talenta i fleire år framover. Dette er unge jenter som treng ein seriøs utviklingsarena.
I tillegg må vi krysse fingrane for at også «dei nye trygge eldste» også vert med ut minst haustsesongen 2023…
Dei har då satsa i Molde?
At spelarar vert henta frå MFK til andre klubbar er sjølvsagt eit gledeleg resultat av godt utført utviklingsarbeid over fleire år, både i MFK og gode naboklubbar.
Og klubben HAR tatt grep på kvinnesida. Med akademi for jenter (det skulle dog berre mangle!), samt offisiell likebehandling av Molde 2 Herrer og Molde A-lag Kvinner, såg det svært lovande ut i 2019.
Eit kompetent og dedikert trenarteam, lege + fysio som medisinsk støtte, og lagleiar med full kontroll på det praktiske. Etter det eg kjenner til er lege-ressursen no dessverre tatt bort for A-lag Kvinner.
Denne satsinga kom i stand med det eg oppfattar som avgjerande drahjelp frå eksterne sponsormidlar. Alt låg til rette for suksess og opprykk - i samsvar med planane.
Slik gikk det ikkje.
Budstikka skal ha ros for å sette fokus på MFK si satsing på fotballen på kvinnesida.
Det var behov for å belyse dei store tankane som låg bak satsinga i 2019. Eg håpar budstikka følgjer opp fotball, type jenter og kvinner, også i kvardagen vidare.
MFK på si side følgde opp budstikka sin artikkelserie med å setje ned eit utval. Kan hende låg dette i løypa uansett, men det vart i alle fall fart på sakene.
Ifølgje utvalet sjølv skal ein konklusjon ligge klar «i sommar». Den gamle konklusjonen frå 2019 sa at MFK skulle ha kvinnelag i Toppserien i 2024.
Tida går…
No er det sommar.
Dersom ambisjonane framleis er dei same, med ditto god ressurstilgang (=pengar), vil ein kunne nå Toppserien sånn om lag 2027/2028.
Fasiten kjem vel etter kvart - den er kanskje like om hjørnet?