Kva med Kjerringsundet?
Kvalitetsikringa i dette prosjektet skildrar uvanleg høg risiko. Kommunen er klar, men frå byggherren fylkeskommunen høyrer vi lite. Og frå Oslo har det kome dårleg nytt for dei som skal bruke vegen.

LANGLESING:
Medan E39 Vik - Molde (grønn linje) er Staten sitt ansvar (Riksveg/hovudveg og Europaveg), er påkoplinga frå Aukra (FV 663 Kjerringsundet, blå linje) eit fylkeskommunalt prosjekt.
To gjensidig avhengige prosjekt, to vegeigarar
Møreaksen (E39) treng det trafikkgrunnlaget inkluderinga av armen til Gossen og Aukra kommune vil gi, medan Kjerringsundet (Fv. 662) treng tunnelmasse frå Møreaksen.
For øysamfunna utanfor Molde (over 5000 personar) er det dermed svært viktig at begge prosjekta kjem i gang samtidig. Dette vil verte eit stort løft for dei.
Først og fremst knyter det seg no litt spenning til korvidt det statlege prosjektet i det heile vil kome i gong i overskueleg framtid.
Det er eit problematisk faktum på så mange måtar. Men dei ansvarlege i Oslo held korta tett mot brystet.
Rikingane i Aukra tek rekninga
“Problemet” for Kjerringsundet-prosjektet, i tillegg til usikkerheit om Møreaksen, er at det IKKJE står på lista over fylket sine prioriteringar for fylkesvegsatsing.
Dermed er kravet at Kjerringsundet skal vere såkalt sjølvfinansierande.
Fylkeskommunen har derfor inngått ein avtale med rike Aukra kommune, som ikkje ser skyer på himmelen og er meir enn klar for å garantere for økonomien i prosjektet.

Aukra går inn med ein ikkje uvesentleg eigenandel. Kommunen har over 800 mnok på bok avsett til føremålet, og tek også garantiansvaret for dei fylkeskommunale låneopptaka.
Ein “second opinion”
For E39-prosjektet Ålesund - Molde (pr. dato i realiteten Vik-Molde, den grøne veglinja på kartet over), er det eit krav om ekstern kvalitetsikring, (KS2).
Eksterne konsulentar gjer då ei grundig gjennomgang av prosjektet: prosess og gjennomførings-/finansieringsevne, kostnadsestimering og samfunnsøkonomiske analyser.
I E39-prosjektet skal ein også vurdere grunnlaget for kommersiell ferjedrift etter opninga. Det same gjeld KS2-vurderinga for Kjerringsundet.
Alt dette er fullført, og konklusjonane er overlevert bestillarane i Finansdepartementet og Samferdselsdepartementet*.
Det er, formelt sett, ikkje Statens vegvesen som bestiller og rår over denne, noko ein kan få inntrykk av i enkelte medieoppslag. Men dei har sjølvsagt tett komtakt med departementet.
Den siste KS2-rapporten for E39 Vik-Molde er enno ikkje frigitt. Det kan, om eg forstår departementet rett, ta litt tid.
Fylkeskommunen derimot, er IKKJE pålagt det same KS-regimet. Men for å sikre seg den same grundige gjennomgangen, har også dei valt å nytte seg av dei same konsulentane for sitt prosjekt.
KS2 for Kjerringsundet: det ser ikkje så bra ut
Denne KS2-rapporten er frigitt, og viser at Kjerringsundet ikkje er eit samfunnsøkonomisk lønsamt prosjekt.
Tala og vurderingane i rapporten er ikkje av det overoptimistiske slaget, og mykje tyder på at dette prosjektet er svært avhengig av at sola skin og verda utviklar seg om ein håpar.
Nokre nøkkelopplysningar frå rapporten:
KS2-konsulentane meiner Kjeringsundet AS (med støtte fra SVV og MRFK) har bomma noko i kostnadsestimeringa.
Konstruksjoner/bruer er godt estimert, men løpemeterprisen per veg er underestimert.
Det er også utelatt ein vegstrekning på 600 meter som KS2-konsulentane har tatt med.
KS2-konsulentane peikar på det faktum at dette er eit prosjekt med høg risiko. Det er mindre modenheit i planlegging og estimering enn det som er vanleg i dei statlege prosjekta som har vore gjennom KS.
Forslag frå Dovre/TØI:
Styringsramme 3950 mnok (7-2022)
(50% sjanse for å lande her, eller under).
Kostnadsramme: 4900 nok (7-2022)
(85% sjanse for å lande her, eller under)
I tillegg har dei også beregna eit 95%-estimat, for å synleggjere usikkerheiten i prosjektet, og dermed garantistane** sitt ansvar dersom prosjektet overskrid kostnadsramma.
Kan Aukra takle dette?
For å illustrere kravet til finansieringsevne i Aukra kommune, legg konsulentane fram følgjande scenario:
Dersom alt går veldig bra, og prosjektet held styringsramma, så vil bompengelånet vere nedbetalt på 20 år. Aukra sin del vert då om lag 2500 mnok, med 100 mnok årleg fram til 2039.
Dersom prosjektet hamnar på kostnadsramma må kommunen åleine kunne finansiere 3700 mnok (7-2022), noko som betyr 100 mnok. årleg fram til 2051.
I worst case: om kostnadsramma sprekk endå meir, til dømes opp mot P95-estimatet, må Aukra finansiere 5500 mnok (og sette av 100 mnok årleg fram til 2069).
Det er risikabelt..
Finansieringsgrunnlaget for prosjektet er bompengar, meirverdikompensasjon, ferjeavløysingsmidlar. Og ikkje minst: tilskot frå Aukra kommune.
I den siste sekken ligg pengane kommunen har på bok, pluss midlar basert på ei antaking om eit uendra statleg eigedomsskatt-regime for “verker og bruk”.
Både fylkeskommunen og Aukra kommune må dermed akseptere at heile finansieringsevna kviler på ei forskottering av statleg politikk i mange tiår framover.
..og det er førebels stille
Det er veldig lite vi høyrer lite frå fylkeskommunen og Aukra kommune om denne saka. Dei har som vi no veit hatt tilgang på KS2-rapporten lenge.
Prosjektsida på mrfylke.no har ikkje vore oppdatert sidan før KS-arbeidet kom i gang (sett pr. 12.02.23).
Særleg fylkespolitikarane vert no tvinga til å tenke seg nøye om før dei evt. vedtar dette endeleg. Korleis skal dei legge fram denne saka?
Om Aukra ikkje kan betale for seg, må fylket punge ut.
Den største floka?
Om vi ser bort frå at verda er i endring og alle store prosjekt er i spel; på fylkeshuset sit dei no att med eit stort og uløyst problem:
Det ser ikkje ut som at innbyggarar og næringsliv i Aukra skal få sleppe å betale bompengar to gonger (over Kjerringsundet + Møreaksen).
Det er nemleg ikkje lovleg å kryssubsidiere på tvers av ulike bomprosjekt (to ulike proposisjonar). Og her er det også to ulike vegeigarar.
Vi forstår kvifor: finansieringsgrunnlaget i prosjekta vert svekka.
Denne floka har vore gjenstand for stor aktivitet mellom aktørane i fylkeskommune, kommune, Statens vegvesen (regelryttarane der sit i Bodø) og Samferdselsdepartementet.
Staten seier nei
Fylkeskommunen har prøvd å løyse floka med timesregel. Det same har Aukra kommune.
Samferdselsdepartementet parkerte debatten for i eit brev av 16. mai i fjor, der dei konkluderer med at timesregelen ikkje er aktuell.
Departementet oppmodar i staden aktørane til å sjå om det kan gjerast justeringar i takstopplegga, slik at det kjem alle trafikantane til gode.
Kva no DET måtte bety.
I andre liknande saker har regjeringa stått på sitt når det gjeld timesregel, og i juni 2022 gravlagde Stortinget problemstillinga (for denne gangen).
Møreaksen bankers - heilt til no
Utviklinga i saka er veldig kjedeleg for øyfolket, sjølvsagt.
Men truleg bra for fylkeskommunen, som har nok å tenke på sjølv.
Så får tida vise kor godt vande øyfolket med gratisferjene sine.
Gitt effektiv frekvens og stabil drift:
Øyfolket kan verte såpass godt nøgde at dei ikkje ser føre seg eit scenario med bompengar i minst 20 år
- for gossingane dobbelt opp.