Klar, ferdig, for seint?
Områdereguleringa for eit areal tilsvarande over 20 fotballbaner sentralt i Molde er godt i gang. Meiner vi noko om innhaldsmix, skala/volum og kva som er stygt og pent? Då må vi henge med no!
Alle som er interessert i byutviklinga i Molde bør ha interesse av å høyre om arbeidet kommunen er i gang med i høve områdeplanen for Lundavang/Stuevollen.
Les om møtet og opplegget her!
Planleggarane i Molde kommune gjer no ein god jobb med medverknadsopplegget for den kommande områdeplanen for Lundavang/Stuevollen.
Dette handlar om sjukehustomta/-ene, (på storleik med over 20 fotballbaner), midt i tjukkaste indrefileten.
Dette er eit område med eit enormt potensiale - i fleire ulike retningar.
Helseforetaket har tidlegare signalisert at dei ikkje har tenkt å drive misjon når dei no skal avhende (resten av) tomta si. Her skal det seljast unna til høgstbydande, og dei vil vende seg mot kjøparar både lokalt og nasjonalt.
Det er allereie selt ut nokre bygningar/eigedommar til investorar/eigedomsutviklarar, både lokale og nasjonale. Her tok kommunen først ei telefonrunde internt, og avklarte kjapt at det ikkje var aktuelt å løyse inn forkjøpsretten dei hadde.
Investorane er risikovillige. Området er bandlagt, men dei kjøper altså eigedom for store summar FØR dei veit korleis reguleringsresultatet blir.
I denne saka vil vi, trur eg, sjå sterke krefter i sving. Presset på politikarane vil bli enormt.
Alle som meiner noko om byutviklinga i Molde må på bana no, også interesserte lokale utbyggarar - som også er innbyggarar.
Det er for seint å sutre om stygt og pent og høgt og fælt & slikt når denne planen er vedtatt.