Lest: Horgen-rapporten
Illustrasjon/montasje: Jan-Erik Kvåle
Horgen Consulting AS har levert ein 10-siders rapport («innspillsdokument») som skal ta føre seg RA/MA-saka og kostnadsestimata i SVV sin rapport seinhausten 2019. Rapporten har nokre gode vurderingar, men vert diverre sterkt svekka av udokumenterte påstandar og (i beste fall) uvøren kjeldebruk.
Det har i det store og heile vore knytt mykje hemmeleghald og mystikk rundt denne rapporten, noko som tydelegvis vert sett på som ein god kommunikasjonsstrategi. Horgen-rapporten vart i juni sendt eksklusivt til media og SVV, men er elles ikkje offentleggjort utover dette. Difor må og skal vi lese og behandle den som ein enkeltståande rapport. Ifølgje Tidens krav (25.06.20) vert kostnadsvurderinga SVV utførte hausten 2019 (alternative løysingar for hhv. Romsdalsaksen og Møreaksen) slakta av Horgen Consulting. Truverdig konsulent på bærtur?
NB! Sjå tilsvar frå Jan Erik Horgen nederst i innlegget.
Rapporten er finansiert gjennom ein massiv innsamlingsdugnad blant frivillige RA-entusiastar. I overkant av 300.000 kroner vart samla inn i denne aksjonen, hovudsakleg via Facebook. Ein del av denne summen er altså brukt på innspelet frå Horgen Consulting. Resten skal gå til det eg oppfattar som "DEL 2", frå HR Prosjekt AS (HRP). Konsulenten bak, Jan Erik Horgen, har utvilsamt ein tung bakgrunn som kvalitetsikrar i m.a. Holte Consulting AS. At konsulentar vel å organisere verksemda si i einmannsføretak (Horgen Consulting) er slett ikkje uvanleg. Eg støttar ikkje forsøk på å skåre billege poeng rundt dette. Innspelsdokumentet/rapporten inneheld også gode vurderingar og analyser, noko også Statens Vegvesen har kommentert og sagt seg einige i. Litt av alt og klipp og lim Som uavhengig og kritisk lesar av rapportar og artiklar stussar eg på både utval/tematikk, struktur, språkføring og biletbruk. Eg tillet meg å peike på det faktum at han bevegar seg vel mykje mellom fleire tunge fagområde, utan at det vert reflektert over dette innleiingsvis i rapporten. I kommunikasjonen utad har Romsdalsaksen AS vore tydeleg på at denne (del-)rapporten handlar om kostnadsestimat. Horgen sine vurderingar med omsyn til prising og samanstillingar av kostnadsestimat (at eple vert samanlikna med eple) må sjølvsagt takast seriøst. I rapporten går konsulenten går rett på sak, utan ei tydeleg innleiing med avgrensing og atterhald kring oppdraget, og det er også store manglar i kjeldeføringa. Underteikna skribent skal ikke meine noko om vegstandard, prising per løpemeter o.l. Men Horgen bringer også inn ei rekke andre moment, td. ikkje-prissette konsekvensar (konsekvensar/verknader som ikkje kan prisast i kroner og øre). SVV har i sitt tilsvar påvist feil og manglar (sjå vedlegg), og eg finn også lettvint «klipp og lim» frå andre tekstar, utan at Horgen opplyser om dette. Å sitere ordrett kan vere greit dersom konteksten elles gir rom for det, men ein må i så fall vise til kjelde. Under viser biletet ein faksimile frå eit lesarinnlegg ført i pennen av Romsdalsaksen AS sine leiarar i 2016. Nøyaktig dei same setningane er å finne i Horgen-rapporten, s. 5.

I Rapporten brukar Horgen til tider eit språk som til dels agiterer Romsdalsaksen sitt syn. Eit døme frå rapporten: (….) «Mange tenker Molde sentrum som destinasjon for ny E39. Hva har Molde sentrum å gjøre med nasjonal stamvei E39 Kristiansand-Trondheim? Fagetatene advarer mot stamveier gjennom sentrumsområder.» (….) (Horgen-rapporten, s. 5). Nøyaktig den same setninga, kun korrigert for ein språkleg feil, finn vi i RA sitt lesarinnlegg i RB den 05.06.16. To autonome rapportar? At eit slikt innspelsdokument vart lagt fram isolert for myndigheiter og media er underleg, gitt måten den er skriven på. Rapporten framstår som lettvint, og ber meir preg av å vere eit internt arbeidsdokument enn eit dokument som skal inngå i ei skriftleg og offentleg tilgjengeleg dokumentasjonsrekke. Horgen-rapporten vert ikkje kommentert eller lagt ved HRP sin hovudrapport juni/juli 2020 (eg kjem attende til denne). Dette trass i at det etterlatte inntrykket frå RA-leiren er at Horgen-rapporten er del 1 av 2 rapportar, der HRP sjølv står for del 2. Det er ikkje noko spor av, eller tilvising til, del 1 i del 2. Det er heller ikkje laga noko overbyggingsdokument som samlar trådane. Då må Horgen sin rapport lesast isolert. Det kan vere mykje godt å seie om både MA, RA og eventuell vidareutvikling av null-alternativet ferje. Men vi må kunne forvente ein viss standard på det materialet som vert lagt fram som dokumentasjon og innspel til styresmaktene. Dette gjeld dokumentasjon frå alle "leirar". Denne del-rapporten er meint å styrke forsåvidt betimelege innvendingar fra RA-sida. Den er ført i pennen av ein person som finansdepartementet indirekte (frå tida i Holte Consulting) har godkjent som kvalitetsikrar i megaprosjekt underlagt KS-ordninga. I Norge er det berre 6-7 utgreiarmiljø som har rammeavtale med finansdept. i slike prosjekt (Møreforsking Molde inngår i eit arbeidsfellesskap som eitt av desse miljøa). Imponerer ikkje Dersom ein slik rapport skal ha legitimitet som eit rasjonelt innspel i debatten, må den stå seg mot kritikk. Den bør vere etterprøvbar – sjølv om det ikkje er uavhengig forsking vi snakkar om her. SVV, som fekk tilsendt rapporten, har som nemnt imøtegått fleire av faktaopplysningane Horgen kjem med. Eg skal ikkje gjenta desse her (sjå lenke under), men konstaterer at SVV peikar på vesentlege manglar og/eller udokumenterte påstandar og antakingar. Diverre vert eit generelt solid inntrykk av kvalitetsikraren og konsulenten Jan Erik Horgen overskygga av eit dårleg heilheitsinntrykk av nemnde kvalitetsikrar og konsulent sin leveranse i denne saka. Så langt i den såkalla "aksesaka" har eg ikkje latt meg imponere over det RA-leiren legg fram av ulike typar innspel og dokumentasjon. Denne rapporten endrar ikkje dette inntrykket.
Lenke til innlegget «E39 og politikk gjennom Statens Vegvesen» (RB, 05.06.16)
Romsdalsaksen svarer SVV på kritikken mot Horgen-rapporten,(TK, 29.06.20)
Tidens krav: "Ny rapport slakter regnestykke Møreaksen vs. Romsdalsaksen"
TILSVAR FRÅ HORGEN CONSULTING Jan Erik Horgen har fått høve til samtidig imøtegåing på kritikken i dette innlegget. Horgen presiserer at hans oppdragsgjevar var HR Prosjekt AS, som han har samarbeida med i mange år. Innspelsdokumentet, som er gjenstand for kritikk her, er ein del-leveranse til HR Prosjekt AS sitt oppdrag for Romsdalsaksen AS. Horgen skriv dette til Store Molde: «Jeg har benyttet meg av en lang rekke kilder, noen fra SVV, noen fra RA, noen fra et nettsøk, som i tillegg til mye annet inkluderte nevnte leserbrev. Det er korrekt at noen få formuleringer fra disse passet så godt inn i rapportens resonnementer og funn at de ble gjenbrukt uten nevneverdig omskriving. Slik sett kan man si at formuleringene har tålt tidens tann svært godt. Siden rapporten er en delleveranse i et større oppdrag er det i denne lagt mindre vekt på kildereferanser. De er dermed heller ikke ment som sitater fra en kilde, men som en del av resonnementene mine i rapporten jeg har utarbeidet, og som jeg som forfatter av rapporten står inne for.»