E39 Ålesund-Molde
Statens vegvesen har lansert ny presentasjonsfilm om megaprosjektet mellom Ålesund og Molde (inkl. Møreaksen). Prosjektet er no berre to vedtak unna oppstart.
Video/animasjon: Rambøll for Statens vegvesen, 2022.
Filmen viser status for arbeidet med heile prosjektet, som i NTP-samanheng har vore omtalt som E39 Ålesund - Molde (Møreaksen).
Det er framleis uløyste spørsmål knytt til strekninga på sørsida av fjorden.
For sjølve fjordkryssinga og vegen inn til Molde (E39 Vik - Julbøen og E39 Julbøen - Molde) er alle lokalpolitiske vedtak på plass.
Strekninga Vik-Molde er difor no underlagt KS2 (Kvalitetsikring 2): evalueringa av styringsunderlaget og finansieringsopplegget.
Arbeidet starta i vår/sommar, og konsulentane bruker vanlegvis frå 2-5 månader.
Gjennomført KS2 betyr at alle dei formelle utgreiingsprosessane i prosjektet er følgt etter boka, og dei siste vedtaka kan fattast: Bompengeproposisjon og plass på statsbudsjettet.
Ein negativ KS2 kan stoppe prosjektet, eller sette det på vent. Men regjeringa kan også velje å oversjå innstillinga frå konsulentane.
Evalueringa omfattar også sidearmen til Gossen, fylkeskommunen sitt tilknytingsprosjekt Kjerringsundet.
Fylket skal gjere sitt eige vedtak på grunnlag av KS2-rapporten. Dette vedtaket er svært sentralt med omsyn til departementet og stortinget si behandling.
Det er Dovre Group og Transportøkonomisk institutt (TØI) som har fått KS2-oppdraget, som del av ei rammeavtale med Finansdepartementet.