Det går ikkje ut over drifta..
SJØFRONTEN: Trygve Grydeland er ein av dei desidert beste i Molde kommunestyre. Eit framtidig ordføraremne. Men det var heilt på sin plass at kloke og rutinerte Melvin Steinsvoll tok friskusen Grydeland litt i skule etter harselasen om rentenivå og investering vs. drift.
Foto: Skjermdump KommuneTV - Mold, 17.09.20
Torsdag 17.09 samla kommunestyret seg i Molde til nok eit maratonmøte. Deponisaka på Raudsand var kanskje den største og mest interessante saka på kartet, men også Sjøfronten-saka fekk eit par timar i kommunestyrerampelyset.
Les også: Svarteper på Sjøfronten
Det har blitt ei vanleg politisk øving å harselere med folk (flest) sin manglande kompetanse på samanhengen mellom investeringar og drift. Dette har vi sett også i fylkespolitikken, der enkelte politikarar nærast står i kø for å latterleggjere alle advarslar.
Moroklumpen
Også Trygve Grydeland, som framstår både morsom og kunnskapsrik, fall for freistinga i går. Det er jo berre å låne, det er jo nærast gratis! I alle fall om ein sikrar seg ein god deal. Og bland no for all del ikkje investeringar med drift.
Les også: At Besitte Cash, Det Er Finessen
"Dette forstår vi som sit her", sa Grydeland (fritt etter hugset). Underforstått: berre politikarar forstår dette. Folk flest har ikkje peiling. Det er politikarane som må ta på seg ansvaret, skal vi tru Grydeland. Og det er jo forsåvidt heilt rett.
Likevel: eg ville ha vore forsiktig med å skjere alle over same kam. Mange av oss forstår at lånegjeld over td. 40 år krev tunga beint i munnen når ein utøver makro- og mikroøkonomiske øvingar. Diskontering, inflasjon, renteutvikling, skattenivå - alt det der. Vi forstår også at det i det store og heile er risikosport å forskuttere politikk 40 år fram i tid.
80-talet, nokon?
Ein som i alle fall forstår dette, er Melvin Steinsvoll (AP):
- Uansett, investerer du mykje pengar skal det betalast inn att. Det er klart, i dag kan ein skjule seg bak ei lav rente. For renta er så lav....Men tenk oss her i Molde kommune, om vi skulle få ein renteoppgang, kanskje opp mot det som skulle ha vore normalen i Norge. Kva skjer da, spurde Steinsvoll retorisk.
Steinsvoll er vaksen nok til å hugse tilbake til då ein hadde eit to-sifra rentenivå i Norge (til og med underteikna hugsar dette). Rett nok i følgje med inflasjon og store skatteincentiv, men likevel.
Sjølv om det altså ikkje er heilt rett å sjå tilbake til rentenivået på 80-talet, må vi innsjå at vi har eit UNORMALT lågt rentenivå nett NO. Det må vi rett og slett ha med oss vidare.
Luksusfella next?
Sjøfront-gjelda i Molde nærmar seg faretruande ein halv milliard kroner. No problem? Det er berre å prøve: Gå i banken, spør om å få auke opp lånegjelda di dramatisk. Kva er det første bankrådgjevaren din spør om?
Toler drifta di det?
Kva med neste månad?
Og neste månad etter der?
Kor stor renteoppgang toler du?
Har du sikkerheit?
Nei, det er kanskje ikkje direkte samanliknbart. Men med ei "svart svane" inn i økonomien, så vil finanskostnadane på tunge investeringar fort kunne påverke den samla tenesteproduksjonen (drift!) også i nye og STORE Molde.
Jadå. Neidå. Så det
Alt dette sagt: Sjøfronten 2 må sjølvsagt fullførast. Det ER ei god investering, og ein skal ikkje svartmale. No ser det ut til at ein også har litt styring på det, så får vi berre håpe på det beste.
Eit (så godt som) samla kommunestyre, samt kommunedirektøren, har tatt på seg ansvaret. Kanskje vi no framover kan investere litt mindre fisefint?
SJÅ DEBATTEN HER:
(trykk på dei 6 firkantane nede til høgre i videovindauget for å bla i sakene. Sjøfronten-saka er første ordinære sak.)