Det er nesten som om byutviklingsprosjekta i Molde hopar seg opp om dagen.
Nesten fem hundre tusen kvadratmeter land i Molde er i spel med føremål regulering.
Dei faktiske areala, om ein zoomar inn og måler pinleg nøyaktig i kartet, det gjorde ikkje eg, er noko større.
Dette er store prosjekt som potensielt vil påverke mange: Dei næraste naboane (sjølvsagt), men også heile byens og kommunens befolkning.
Korleis ser Molde ut anno 2050?
1 - Lundavang/Stuevollen - om lag 200000 m2
Knappe 12 gonger fotavtrykket til Aker stadion.
Sjukehusområdet tett på Molde sentrum. Indrefileten. Ein ny bydel? Bustadar? Helsehus? Begge deler - og meir til?
Planprogram for områdeplanen er ferdig “høyrt”, og prosjektet er under vidare arbeid.
No ventar vi på sjølve områdeplanen. Det er der “slaget” må stå, om det i det heile skal stå noko slag.
Litt diskusjonar vert det nok. Dette blir svært!
2 - Retiro - om lag 140000 m2
8 gonger fotavtrykket til Aker stadion*.
Dertaljreguleringa som det berre er varsla oppstart på, er ikkje komen i gang skikkeleg.
Etter at Knausenlinja vart skrinlagt, er området utvida mot vest. Delar av gang-/sykkelforbindelse mellom sentrum og Kviltorp skule også inkludert.
Mange ventar nok på at noko skal skje i området rundt Villa Retiro, med skogen, dammen osb. (kanskje eit par nye tennisbaner der oppe i nord-vest?).
* I praksis er det berre 82609 m2 som er “i spel” mtp. bruken av det vi kjenner som Villa Retiro og Retiro-skogen.
Arealet er nokolunde likt fordelt mellom Planor Bolig AS (den minste delen, husa og arealet ned mot Fannestrandvegen, og eit stykke rundt/bak) og Molde kommune (mest). Her bør det gå an å kome fram til noko som blir bra for begge partar.


Same diskusjonen som den første: kva type aktivitet vil vi ha her?
Det står nok ikkje på den private eigaren/utbyggaren, som kvar gong dette kjem opp signaliserer at dei vil ha ei avklaring sånn eller sånn - her er det kommunen som har hatt litt mykje å gjere i det siste.
3 - Grandfjæra Vest - om lag 80000 m2
Knappe 5 gonger fotavtrykket til Aker stadion.
Områderegulering for ferjekaien i Molde sentrum. Og området utanfor.
Tunnelmasse frå E39 Julbøen-Molde. Den ja: bak/under/forbi/gjennom Molde (sett inn det som passar deg).
Skal gi grunnlag for ein ny bydel der Vestnes-ferja kjem i land i dag, og skal skape god sammenheng mellom Brunvoll-kvartalet og Grandfjæra Øst, som er ferdig regulert.
Målet må vel då bli å ivareta ei naturleg “Skyline”, slik Molde Venstre uttalte seg om naboreguleringa?
NB! Dette er regulering i sjø, så kor stor sjølve utfyllinga faktisk vert veit vi jo ikkje.
4 - Frænavegen/Lingedalen - om lag 55000 m2
Også ei områderegulering vi har høyrt om ei stund - kva skjer? Nokon har i alle fall tru på området, for det vart seinast i juli registrert eit salg av einebustaden oppe i vest-hjørnet.
Om vi skal tippe: massiv utbygging av bustadar. Sjølvsagt.
Så kan jo håpe på rimelege bustadar for førstegongsetablerarar denne gongen? Kanskje noko for MOBO?
Gode 3 gonger fotavtrykket til Aker stadion.
Mykje på gang, sei!