BADEBALL PÅ SJØFRONTEN 2:
I dag, kl. 15, skal politikarane i TPNM-utvalet endeleg bestemme seg for bade-opsjonane på Sjøfronten.
FrP kjem som vanleg til å stemme mot. SV og MDG kjem til å stemme for, sjølv om dei eigentleg, trur eg, er mot. For dei er ansvarlege politikarar som veit at dei har sagt A.
Dei andre i TPNM-utvalet kjem til å stemme for, fordi dette er noko «heile» Molde vil ha.
Spleiselaget frå næringslivet er såvidt eg veit i skrivande stund ikkje i boks, noko som var ein føresetnad for utvidinga av rammene tidlegare i år.
Saka skal IKKJE vidare til kommunestyret (om det ikkje då dukkar opp eit oversendingsforslag, slik at saka kan vurderast på nytt av heile kommunestyret).
Argument for å tenkje seg om kan dei få her og no:
Det har aldri vore snakk om noko «mindreforbruk» i dette prosjektet, sjølv om dei fekk det presentert slik då dei tidlegare i år stemte over opsjonane (og dermed ei utviding av rammene).
Tvert imot, styringsramma var/ville bli overskriden med 2,1 mnok på tidspunktet det første opsjonsvedtaket vart fatta. Og det er dette ein skal styre prosjekta etter.
No er differansen mellom styrings- og kostnadsramme nede i 4 mnok. Desse få millionane er den summen kommunedirektøren kan gå inn med dersom «shit happens».
Fleire har vore kritisk til prosessane, for heile det overordna Sjøfront-prosjektet kunne kome ut mykje betre og billegare. Men når det er sagt: pessimistar og surpompar har aldri bidrege noko særleg til å bringe verda framover.
Likevel: når er det nok? Kor skal ein sette strek for kjekt-å-ha-opsjonar? Kor mykje skal ein lempe over på eit allereie hardt pressa næringsliv?
Det aller viktigaste spørsmålet for oss alle, anten du er privat husbyggar, næringsaktør eller ein kommune, er enkelt og greit:
Korleis står det til med drifta di framover?
….i ei verd som er sprø og shit faktisk happens her og no.
—
Edit 15.06.22:
Utvalet gikk samrøystes inn for administrasjonen sitt forslag om å gjennomføre opsjonen (minus sjølve badebrygga).
https://opengov.360online.com/Meetings/MOLDE/Meetings/Details/420556