AREAL TILSVARANDE 20 FOTBALLBANER "I SPEL"
21. juni arrangerte kommunen grunneigarmøte vedr. utviklinga av indrefileten Lundavang/Stuevollen i Molde.
(Først publisert i Facebook-gruppa “Molde”, 27, juni 2022)
Dette er det neste store byutviklingsprosjektet i Molde.
Kva vil vi med dette området? Berre bustader? Eller ein kombinasjon av bustad og næring? Kva med friluftsliv, natur og kultur? Barn, unge og eldre? Transportsystemet i området?
Kommunen og deira eksterne konsulent la fram ulike premiss og innleiande tankar om prosjektet. Planprosessen vart også grundig gjennomgått.
Gode og relevante spørsmål frå salen fekk imøtekommande svar.
Både planprogrammet og sjølve områdereguleringa skal etter kvart ut på høyring. Det kan også verte aktuelt med detaljreguleringar.
Alt tyder på at kommunen legg opp til ein god og tillitsvekkande medverknadsprosess framover.
Alle som brenn inne med spørsmål, tankar og innspel bør kome på bana allereie no.
Dette prosjektet fortener ein grundig offentleg debatt.
Sjå møtet i opptak her:
https://molde.kommunetv.no/archive/275
(foto/illustrasjon: Norconsult/Molde kommune, pres. 21.06.22)